Hjem Søndagskommentar Søndag før pinse 12. mai

Søndag før pinse 12. mai

4 min lest
0
0
788

Johs. 16, 12 -15

Due

Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma. Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk. Alt det som Far min har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.

 

Jesu utsegn:”Enno har eg mykje å seia dykk”, er retta til jesu 12 apostlar. Dei hadde følgd Jesus på vandring, lytta og lært av Jesu forkynning. Dei hadde sett jesu liv og opplevd

Jesu personlegdom på nært haId. Likevel var ikkje Jesu undervisning av dei 12 ferdig.

Fullføringa skjedde først etter at Kristus var teken opp til himmelen og Anden leia apostlane fram til heile sanninga. Anden hjelpte dei å herleggjera Kristus. Jesu læresveinar førde frå Pinsedag av tenesta med til undervisa og forkynna Kristus vidare.

Frå tida då Jesus samla læresveinane fysisk rundt seg var vi ved Pinsedag komne over i kyrkja si tid. Apostlane skreiv etter kvart bodskapen om Jesus ned i det som vart vårt NT, skriftet som apenberrar Kristus for oss.

Når Ordet om Jesus vert lese og forkynt rett, gjer Heilaganden Ordet levande for oss og.

Heilaganden set lyset på Jesu frelseverk, hans liv, soningsdød og oppstode. Vi som lever i dag, kan ved Heilaganden ta Ordet om Jesus til oss. Ordet om Jesus vert til personleg erfaring, som Skovgård Petersen har sagt: “Eg gjekk til Ordet og Ordet sende meg til erfaringa og erfaringa sende meg attende til Ordet. Nå gleder sjela mi seg over å senda bod mellom dei begge, Ordet og erfaringa.” Vi skal få kjenna at læra er frå Gud.

Forfattaren C.S. Lewis var ateist langt inn i sitt vaksne liv, men var på leiting etter eit tankesystem som var konsistent. Han fann, ved å lesa Bibelen og opna seg for Jesus, at kristendommen er nettopp det. Den utgjer ein heilskap som gir samanheng og meining.

Prøv Jesus du og.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…