Askeonsdag

5 min lest
0
0
1,034

Mark.2,18-20

Illutrasjon Bibel og Kors

Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?» «Kan vel bryllaupsgjestene faste medan brudgommen er hos dei?» svara Jesus. «Så lenge dei har brudgommen hos seg, kan dei ikkje faste. Men det skal kome ei tid då brudgommen blir tatt frå dei, og når den dagen kjem, då skal dei faste.

 

Askeonsdag innleier kyrkja si store fastetid. Herfrå er det 40 dagar – pluss sju søndagar, til påskedag. Då er det «velsigna påske» og oppstodefest. Aske er eit gammalt symbol som blei brukt for å markere anger ved at syndaren strødde aske over hodet sitt, og gjerne kledde seg i strie, altså «i sekk og aske». Aske kan også spele på skapingsforteljinga sine ord om at vi er komen frå jorda eller støvet og skal gå tilbake dit. Støv og aske skal minne oss om at vi er dødelege. Det kan gjere oss audmjuke i møte med den evige Gud.

Dette er altså inngangen til fastetida. Då er det kanskje overraskande at Jesus må svare for kvifor disiplane hans ikkje følgde den jødiske fastetradisjonen. Jesu svar viser at han kjem med noko heilt anna. Han kjem med sjølve frelsa, med Guds rike, og det fører til takk og glede. Ingen fastar når vi er i bryllaupsfest. Slik kan vi heller ikkje faste når Jesus har invitert til fest.

Likevel: No er tida då faste er aktuelt. Brudgommen er i fars hus og gjer i stand mens bruda, Guds kyrkje på jorda, er i ventemodus. I denne tida skal vi som høyrer Jesus til gjere oss klar for festen og evigheten. Då må vi legge av oss det som ikkje skal med dit, alt som står Guds rike imot. Derfor fokuserer fastetida på kampen mot synda, mot Satan og vondskapen, mot freistingane, mot alt som vil dra oss motsett veg. Denne kampen kan også vere å avstå frå det gode for å søke det beste. Gifte menneske kan bestemme seg for å avstå seksuelt for ei tid. Alle bør vi sette av lengre tider då vi avstår frå media, digitalt som analogt som på papir. Vi kan følgje praksisen med å avstår frå kjøtt, noko verda sitt klima også vil nyte godt av. Vekst og modning i liva våre får næring når vi avstår frå kroppsleg og kjenslemessig begjær for å vere ved dei djupe og rike kjeldene til åndeleg liv: Guds ord, bøn, fellesskapet av det tilbedande folket, Herrens heilage måltid i nattverden. Kristen faste er ikkje askese men å seie ja til beste i glad forventing til det Gud skal gi oss i det evige riket. Då må vi avstå konsekvent frå det vonde og jamvel tidvis velje å seie frå oss det gode for det bestes skuld.

Velsigna fastetid!

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • https://www.godisreal.today/wp-content/uploads/2014/05/pictures-jesus-cross.jpg

    Naglene og korset

    Hvorfor valgte Gud naglene og tornekronen? Hvordan klarte Gud å knuse Jesus på denne måten…
Last flere relaterte artikkler
  • 3. søndag i adventstiden

    3 søndag i adventstiden – 17.12.23 Luk 3,7-18 Bilde av Alex Perez Mye folk dro ut fo…
  • 13. Søndag i treenighetstiden

    13 søndag i treenighetstiden – 4.09.2022 Joh 15,13-17 Bilde av il vano Ingen har stø…
  • 2. søndag i påsketiden

    1 Pet 1, 3-9 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd…
Last flere av Rolf Kjøde
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …