Hjem Søndagskommentar Fastelavnssøndag

Fastelavnssøndag

7 min lest
0
0
1,461

Luk.18,31-34

Illustrasjon Fastelavensris

Så tok han dei tolv til sides og sa til dei: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og alt som profetane har skrive om Menneskesonen, skal oppfyllast. Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på, og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.» Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje det han sa.

 

Fastelavn fører vel tankane meir mot bollar og krem enn mot liding og død. Kva er samanhengen? I følgje evangelistane sa Jesus tre gongar til disiplane sine at han skulle gå opp til Jerusalem for å lide og dø. Vår tekst fortel om tredje og siste gongen. Den gongen betydde det at tida var veldig nær, og for oss betyr fastelavn at tida på nytt nærmar seg påske. I kyrkjeåret har vi bak oss ei tid som openberrar Jesus for oss som Guds son og som hentar lys frå Jesu guddommelege herlegdom, han som steig ned mellom oss. No stig vi snart inn i fastetida for å vandre «opp til Jerusalem» saman med Jesus, der han skal lide og dø for våre synders skuld. Desse sidene hører saman. Disiplane sleit med å forstå det, men då dei såg tilbake, konkluderte Johannes slik: «.. og vi såg herlegdommen hans, full av nåde og sanning».

Fastelavn er ein slags gammal tysk som betyr kvelden før faste. Sidan faste begynner med askeonsdag, får vi seie kveldane før faste. Ved inngangen til faste blir vi minna om kor fastetida endar: på Jesu kors i hans død for syndene våre.

Disiplane sleit med å forstå det. Slik er det med evangeliet. Det kjem ikkje naturleg opp i nokon mennesketanke. Vi er avhengig av at Guds Ande openberrar det for oss ved forkynninga av evangeliet. Og det må skje igjen og igjen, for dei religiøse motkreftene er mange og sterke. Det billege evangeliet – at ein Gud utan vreide lar menneske utan synd ved hjelp av ein Kristus utan kors få komme inn i ein evighet utan fortaping – den typen nåde er det mange som applauderer. Men den som stoler på slik billeg nåde, forreknar seg. Evangeliet avset deg og meg som aktørar i vår frelse og viser oss til Guds nåde og frelse aleine ved Jesu liding og død.

Eigentleg var det mulig for disiplane som jødar å forstå det. Dei hadde jo Skriftene, og Jesus seier klart at profetane hadde skrive om det som måtte skje med han. Likevel, sjølv etter Jesus hadde stått opp måtte han bruke mykje tid med dei for å vise dei kva som stod om han i Skriftene. Då blei auga deira opna, og det skapte verdsmisjonen.

Vi lever etter alt har skjedd. Vi som trur, har fått Den heilage ande så vi kan tru dette ufattelege at Gud sjølv har ordna med frelsa vår. Jesus seier her at han skal overgjevast til heidningane. Andre stader blir han overgjeven til jødane. Det går ut på eitt. Han blir overgjeven til syndarar, til menneske som står opp mot Guds vilje. Hadde vi levd, kunne vi fort finne oss sjølve i mengda. Gud gir seg sjølv – i Jesus Kristus – over i hendene til dei og oss som han gav livet for. Det var ikkje først og fremst heidningar eller jødar der og då som tok Jesu liv. Jesus visste kva han gjekk til. Det var du og eg som dreiv Jesus til korset. Men sjølv gjorde han det frivilleg. Så stor er Guds kjærleik til oss. Han hadde makt til å gi det og makt til å ta det tilbake. La oss glede oss over det på fastelavnssøndag og ete bollar og krem med takksemd.

Last flere relaterte artikkler
  • 3. søndag i adventstiden

    3 søndag i adventstiden – 17.12.23 Luk 3,7-18 Bilde av Alex Perez Mye folk dro ut fo…
  • 13. Søndag i treenighetstiden

    13 søndag i treenighetstiden – 4.09.2022 Joh 15,13-17 Bilde av il vano Ingen har stø…
  • 2. søndag i påsketiden

    1 Pet 1, 3-9 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd…
Last flere av Rolf Kjøde
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…