Hjem Søndagskommentar 21.søndag i treeiningstida

21.søndag i treeiningstida

7 min lest
0
0
893

Luk 16, 19 – 31

 « Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i  fest og prakt dag etter dag.

Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår.  Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.
Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.  Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han. Då ropa han: ‘Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan dyppa fingertuppen i vatn og kjøla tunga mi. For eg lid så vondt i denne elden.’   Abraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt.  Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’   Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.   Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.    Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.  ‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’  Då sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»

 

Me kjenner den dramatiske forteljinga om den rike mannen og Lasarus. Rikmannen som kledde seg i purpur og fint lin og levde i sus og dus dag ut og dag inn. Han hadde ingen tanke for den fattige Lasarus som låg utanfor porten hans, full av verkjande sår. Han konkurrerte med hundane om å sikra seg avfall frå bordet til den rike for å berga livet. Dei same hundane synte omsorg for fattigstakkaren ved å sleikja såra hans og kanskje lindra smertene.

 

Slik levde den rike og den fattige i den same verda, men i heilt ulike kår til rollane ein dag vart totalt ombytta. Lasarus døydde og vart lagt i Abrahams fang.  Der fekk han oppleva sæla i Guds fullkomne rike.
Når den rike døydde, vakna han til eit pinefullt tilvære i dødsriket. Han var van med å kunne få det han ynskte, og no venta han at Abraham skal senda Lasarus  med hjelp og lindring. Men dette er umogeleg, får han høyra. Lagnaden etter døden kan ingen endra. Ingen kan koma frå den eine staden med pine og gru til den andre med fred og sæle.

Rikmannen held fram med å be om tenester.  Han bed Abraham senda Lasarus til heimen hans med åtvaring til dei fem brørne hans. Dei vil sikkert venda om dersom det kjem nokon til dei frå dei døde, meiner han. Men Abraham svarar:  «Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.»

Tre ting frå denne teksta: 1) Den rike vart ikkje dømt fordi han var rik, men fordi han levde utan Gud. Den fattige vart ikkje frelst fordi han var fattig, men fordi han sette si lit til Gud. (Lasarus tyder Gud hjelper).   2)  Denne forteljinga er ei av dei mange bibeltekstene som syner oss at det er to utgangar av livet: Frelse eller fortaping.  3)  Eit under kan ikkje erstatta Guds ord. Det er berre Ordet frå Gud som kan skapa omvending og frelse.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

“Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …