Hjem Søndagskommentar DEN GUDOMMELEGE LÆRA

DEN GUDOMMELEGE LÆRA

5 min lest
0
0
822

Joh 7,14-17

Det var alt midt i høytiden da Jesus gikk opp på tempelplassen og begynte å undervise. Jødene undret seg og sa: «Hvordan kan han ha slik kunnskap, han som ikke har fått noen opplæring?» Jesus svarte: «Min lære er ikke min, men kommer fra ham som har sendt meg. Den som vil gjøre hans vilje, skal skjønne om læren er av Gud, eller om jeg taler ut fra meg selv.

 

Det var lauvhyttefest i Jerusalem. Kanskje den av dei jødiske høgtidene som samla flest menneske. Midt i denne høgtida steig Jesus fram på tempelplassen og gav seg til å læra folket. Tilhøyrarane undra seg over kvar han hadde lærdomen frå, han hadde då ikkje fått nokon opplæring! (v15)

Det var ikkje fyrste gongen folk var i undring over kva kunnskap han hadde. Jesus var berre tolv år då han sat i templet saman med lærarane og lydde på dei og spurde dei. «Og alle som høyrde han på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara.» (Luk 2,47)

 

I teksta vår er Jesus tydeleg på at han ikkje har teke av sitt eige sinn den læra han formidlar. Derimot peikar han på at den eigentlege kjelda til læra er den gudommelege oppdrags-gjevaren hans. Dette er noko Jesus strekar under gong på gong i Johannesevangeliet. (Sjå 12,49 og 14,10)  Og det er ei sanning som gjeld den dag i dag for alle som er sett til å vitna om evangeliet. Me er ikkje sette til å dela med andre våre tankar og vårt syn på Gud Herren eller eller hans heilage ord. Vårt oppdrag er å bera ut det eviggyldige og frelsande ordet frå Guds munn!

Så set Jesus fram eit prov på at læra er av Gud. «Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er av Gud eller om eg har henne frå meg sjølv.» (v17)  Dei Jesus tala til denne dagen, visste at dei fann Guds vilje i sin bibel, i lova og profetane. På same vis som me i dag møter Guds heilage vilje i den heilage skrifta, i vår bibel. Men den som verkeleg ynskjer  å gjera Guds vilje og for alvor går inn for å oppfylla Herrens lov, den vil snart finna ut at dette er umogeleg for eit menneske. I denne fortvila situasjonen vert evangeliet om Jesus vår einaste redning. Når me så opnar vårt liv for han, så får me sanna hans ord i teksta vår: Me « – får røyna  – »  at læra er av Gud. Me får oppleva at Guds ord er levande og krafig og mektig til å overtyda om synd og til å leia syndarar til frelse for Jesu skuld.

Prisa vere Herrens namn!

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …