Hjem Søndagskommentar Den tryggaste gledesgrunn

Den tryggaste gledesgrunn

3 min lest
0
0
1,328

Luk. 10,1-2. 16- 20

Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og bygd som han sjølv skulle til. Og han sa til sei: Grøda er stor, men onnefolka er få. Be då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.

Dei sytti kom glade attende og sa: ”Jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn.” Då sa han til dei: ”Eg såg Satan falla ned frå himmelen so eit lyn. Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk. Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen.”

 

Dei sytti var Jesu medarbeidarar og hans sendebod til dei stader Jesus skulle til. Når dei kom til ein heim skulle dei seia: ”Fred vere med denne heimen!” (vers 5) Når dei kom til ein by og vart mottekne var oppdraget dette:  Læk dei sjuke som er der, og sei: ”Guds rike er kome nær til dykk.” (vers 9)

Dei 70 kom glade attende, Dei vart sende ut til vanskelege forhold, men  arbeidet hadde lukkast. Dei hadde sett og opplevd himmelkrefter, der jamvel dei vonde åndene måtte lyde, – – storarta!

Men midt i denne gleda lurte faren, Jesus såg Satan falle ned frå himmelen som eit lyn, øydeleggaren var på jakt. Det er fint å sjå korleis  Jesus kjem sine medarbeidarar og sendebod til hjelp i faren: ”Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!”

Å ha namnet sitt skrive i himmelen tyder at alt er i orden mellom den trieinige Gud i himmelen og medarbeidar og sendebod på jorda. Det er å vera frelst, og det er den største og tryggaste gledesgrunn nokon kan ha.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …