Hjem Søndagskommentar Den uverdige blir verdig

Den uverdige blir verdig

4 min lest
0
0
729

Matt 8,5-13

Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp: Herre,” sa han,  ”tenaren min ligg lam heime og lid vondt.” Jesus sa: ”Eg skal koma og lækja han.”   ”Herre,” svara offiseren,  ”eg er ikkje verdig til at du stig innunder mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att. For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.”

Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som fylgde han: Sanneleg, det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru. Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket. Men arvingane til riket skal kastast ut i mørket utanfor, der dei græt og skjer tenner.” Og Jesus sa til offiseren: ”Gå heim! Det skal verta som du trudde.”  Og tenaren vart frisk i same stunda.

 

I denne teksta er det tre ting skal vi merke oss.

  • Det er to mulege utgangar frå livet. Det er nokon som skal sitja til bords i Guds rike saman med Abraham, Isak og Jakob. Andre skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner. Det er alvorlege sanningar vi må ha med i tankane våre.
  • Offiseren såg rett når han såg seg ”ikkje verdig” til besøk av Jesus.  Det same gjeld alle oss som lever i dag, vår attest er  ”ikkje verdig” innfor Jesus.
  • Den uverdige kan venda seg til Jesus og be om hjelp, og han blir ikkje avvist. Slik var det med offiseren i teksta, og  vi kan rekna med det same. Det står skrive: ”Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.” Heb. 13,8. Og det er Jesus, og bare Jesus som kan føra oss til bordsete i Guds rike.
  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …