Hjem Søndagskommentar 13. søndag i treenighetstiden

13. søndag i treenighetstiden

6 min lest
0
0
1,516

Joh 15, 13-17

Illustrasjon Helbredende boenn 1270059418

Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min. De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bere frukt, ei frukt som varer. Då skal Far gje dykk alt de bed om i mitt namn. Dette er det eg byd dykk: De skal elske kvarandre!

 

Jesus er midt i den siste talen til disiplane sine. Han er intens og nær når han nok ein gang førebur dei på det som står framfor han. Det er heilt avgjerande, no når han skal overgjevast til liding og død, at dei kan gripe dette sentrale: Han gjer alt i kjærleik for vennene sine.

«Kjærleik» heiter «agape» på gresk, og «venn» heiter «filos». Når vi brukar desse orda som verb, omset vi ofte begge med «elske». Agape viser til den fullkomne kjærleiken, den som elskar fordi han som elskar er kjærleg og god. Den som elskar sjølv om ikkje den andre er elskeleg. Slik er berre Guds eigen kjærleik, og han viste den mot oss då Kristus døydde for oss mens vi ennå var syndarar. Vi er også kalla til å elske kvarandre slik, for vi er tatt inn som venner – filoi – av Jesus, av kvarandre, ja av Gud sjølv.

Vi er i tett relasjon med den einaste som gir ekte kjærleik. Derfor er vi kalla til å gi sjølvoppofrande kjærleik og sette dei andre høgare enn oss sjølve. Jesu bilde på dette viser at det ikkje handlar om å ta seg saman men om å bli i Han som greina på treet. Då og berre då ber ho frukt, og frukta av kjærleikens fellesskap med Jesus er ei varig frukt, fordi den peikar mot det evige.

På Jesu tid var dei vel kjent med forholdet mellom slave og herre. Ordet «tenar» i teksten er ordet for «slave» og hadde passa betre som omsetting her. Ein herre kunne herse som han ville med slavane sine. Dei hadde ingen rett til å få vite noko, og eit fortuleg forhold mellom slave og herre var nok unntaka. Så heilt annleis dette er med Jesus og oss! Han som er den høgste, Herren sjølv, inviterer oss inn i sine næraste relasjonar. Han kallar Gud for vår far og oss Guds born. Og han kallar oss sine fortrulege venner som han deler alt med.

Alt dette kviler i utveljinga. Det er ikkje vi som har gjort oss fortent. Det var ikkje vi som fekk ideen om Guds frelse. Nei, vår frelsesgrunn er stødigare og sikrare. Vi står ikkje berre overfor Jesus som venner. Vi er i Han som greina er i vintreet. Ved trua er vi utvalt i Jesus Kristus, så når Gud ser oss, ser han Kristi fullkomne liv, han som gav livet sitt for oss då han bar heile vår bør av synd og skuld. Større kjærleik finns ikkje.

Last flere relaterte artikkler
  • 3. søndag i adventstiden

    3 søndag i adventstiden – 17.12.23 Luk 3,7-18 Bilde av Alex Perez Mye folk dro ut fo…
  • 13. Søndag i treenighetstiden

    13 søndag i treenighetstiden – 4.09.2022 Joh 15,13-17 Bilde av il vano Ingen har stø…
  • 2. søndag i påsketiden

    1 Pet 1, 3-9 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd…
Last flere av Rolf Kjøde
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …