Hjem Søndagskommentar 2. Søndag i advent

2. Søndag i advent

9 min lest
0
0
1,022

Luk. 21, 25-36.


27
 Da skal de se Menneskesønnen komme i skyen med stor makt og herlighet.28 Men når dette begynner å skje, da rett dere opp og løft hodet! For da skal dere snart bli satt fri.»29Han fortalte dem en lignelse:
«Se på fikentreet og alle andre trær!
30 Når dere ser at de springer ut, vet dere av dere selv at nå er sommeren nær.31 Slik skal også dere vite, når dere ser dette skje, at Guds rike er nær.32 Sannelig, jeg sier dere: Denne slekten skal ikke forgå før alt dette skjer.33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.34 Vær på vakt og la ikke hjertet bli sløvet av rangel og drikk og dagliglivets bekymringer, så den dagen plutselig kommer over dere35 som en snare. For den dagen skal komme over alle som bor over hele jorden.36 Våk hver tid og stund og be om å få kraft til å komme velberget fra alt det som skal hende, og bli stående for Menneskesønnen.»

*
Martin Luther sa ein gong at der berre var to dagar i dagboka hans og livet hans: Denne – og den. Teksten for 2.søndag i adventstida handlar om “den”. Jesus rettar blikket vårt frå dagen i dag til den dagen då han kjem tilbake for å halde dom og skape nytt.
For nokon skaper det framleis uro, men mitt inntrykk er at gruppa av folk som ikkje uroar seg eller bryr seg etter kvart dominerer totalt, også mellom kristne. Like fullt er dette ein vesentleg del av den kristne bodskapen. Lukas 21 er ein heil endetidstale av Jesus. Den nye tekstrekka er underleg avgrensa, fordi avsnittet naturleg startar med v.25. Det rår eg alle predikantar for dagen også til å gjere.
Fram til v.24 handlar talen om det som skjer i med Jerusalems øydelegging rundt år 70. Så antydar Jesus i v.24 NT sitt einaste løfte om jødane si tilbakevending til Jerusalem før han frå v.25 tar til å tale om avslutningsfasen i verda. Her brukar han både symbolspråk frå GT, jf Jes.13, og likninga si taleform.
Det skal gjere oss varsame med å bruke teksta spekulativt, samtidig som vi skal ta vare på den store gleda og det djupe alvoret i at Jesus kjem tilbake som verda sin rettmessige Herre. Han understrekar det sjølv sterkt i v.33 om at hans ord ikkje skal forgå. Den som stoler på hans ord og løfte, skal ikkje bli til skamme.

Eg les Jesus slik at han har to hovudbodskapar til oss. For det første ber han oss om å ha forventing og tillit, v.27f. Kvifor? Fordi det som kjem er til vårt beste. Teksta seier at det er tre ting som kjem: Menneskesonen, v27; vår forløysing, v.28; Guds rike, v.31. Vi ventar på han som er fullkomen kjærleg og veit å dømme rettferdig, og kan derfor ha tillit og forventning til han. Vi ventar på å bli sett fri frå alt som tynger, jf også Rom. 8,23, og har derfor tillit og forventing berre til Jesus. Og vi ventar på at Guds rike skal bryte gjennom, og rettar all vår tillit og forventing mot han som har makt til å skape alt nytt.
Teologen Emil Brunner sa at tru utan forventning om Jesus gjenkomst er som ein sjekk som ikkje blir heva og som trapper som leier ut i lause lufta. Den kristne trua er annleis. Den held seg til han som har sona syndene, gjort opp med vondskapen og brote dødens makt. Hans ord står fast.

For det andre ber Jesus oss om å vere observante og vakne, v.34.36. For å illustrere dette teiknar han eit bilde av trea, v.29, og seier at når lauvet sprett, er det teikn på sommar. Slik skal vi og lese teikna på Jesu gjenkomst og vere vakne, slik at vi kan makte den motstanden mot trua som naturleg vil vere på jorda, halde fast ved trua på Jesus og bli ståande framfor Menneskesonen. Det blir snart sommar! Ein flott bodskap midt i adventstida – tida for forventing om Herrens komme. Jesus ber oss vere vakne men teiknar også alternativet. Der er to måtar å møte Han på – i tida og når han kjem.
V.25 nemner dei som blir gripne av redsel ved Jesus gjenkomst, truleg fordi dei har møtt Gud med stolte nakkar i tida. V.28 nemner alternativet, å stå bøygd og audmjuk for Gud i tida slik at vi kan rette oss og løfte hodet når Jesus kjem.

Så ser vi fram mot Jesu gjenkomst med både forventing og alvor. Vi som har fått evangeliet skuldar å dele det med så mange som mulig. Jesus har kalla sitt folk til å vere teikn i endetida ved at evangeliet skal forkynnast til alle folkeslag, så skal enden komme. Det oppdraget må ha alle kristnes førsteprioritet, koste kva det koste vil.

Last flere relaterte artikkler
  • 3. søndag i adventstiden

    3 søndag i adventstiden – 17.12.23 Luk 3,7-18 Bilde av Alex Perez Mye folk dro ut fo…
  • 13. Søndag i treenighetstiden

    13 søndag i treenighetstiden – 4.09.2022 Joh 15,13-17 Bilde av il vano Ingen har stø…
  • 2. søndag i påsketiden

    1 Pet 1, 3-9 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd…
Last flere av Rolf Kjøde
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …