Hjem Søndagskommentar 4. søndag i påsketiden – Sorga skal vendast til glede

4. søndag i påsketiden – Sorga skal vendast til glede

5 min lest
0
0
779

hender-jord20

Joh 16,16-22

Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de få sjå meg. Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: Kva meiner han med det som han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje, men om ei lita stund att skal de få sjå meg, og : Eg går til Faderen? Kva tyder dette: Om ei lita stund? Vi skjønar ikkje kva han talar om. Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: Talar de om det eg sa: Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om ei lita stund att skal de få sjå meg? Sanneleg, sanneleg , det seier eg dykk: De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gleda seg. De skal syrgja,  men sorga skal vendast til glede. Når ei kvinne skal føda, er ho ottefull av di tida hennar er komen. Men når ho har fått barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hadde det, så glad er ho fordi eit menneske er fødd til verda. Sameleis med dykk. No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk.

 

Teksten er ein del av  avsluttninga av Jesu avskjedstale i nattverdsalen hin skjertorsdag. Når eg les denne teksta ser eg to ting, to dimensjonar.

Eg ser situasjonen for Jesus og læresveinane i Jerusalem den gongen for lenge sidan.

Jesus visste kva han gjekk til,  – tortur, død og grav, oppstoda frå dei døde og himmelfart.

Han visste og kva læresveinane gjekk til, – botnlaus sorg då Jesus døde, og ufatteleg glede då dei møtte den oppstadne Jesus. Denne store gleda er godt illustrert i Apostelgj. 5,41, der står det slik om læresveinane etter dei hadde vore arrestert og piska: Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var haldne verdige til å lida vannære for Jesu namn skuld.

Så ser eg ein annan dimensjon. Jesus sa:  Eg går til Faderen. Då ser eg Jesus og læresveinane på Oljeberget. Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort frå augo deira. Jesus «vart borte» for dei, og læresveinane skulle leva vidare i ei verd full av sorg og liding. Men det er berre ei lita stund – så skal dei sjå Jesus igjen, og då i den fullkomne herlegdomen. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk.

 

Nå gjeld dette heldigvis ikkje bare for læresveinane på Jesu tid, men også for Guds barn gjennom alle tider. Visst kan livet by oss både sorg og smerte, slik læresveinane opplvde det. Men også vi kan rekna med kraft og hjelp frå Jesus, slik læresveinane gjorde. Dei døde, dei fleste på brutal måte, men dei har nå fått sjå den himmelfarne og herleggjorte Jesus, og det er det som ventar også oss når livet her er slutt. Då vert vi hjarteglade, og ingen tek gleda frå oss.

Kjære Guds barn og medkristen: Vi har ei strålande framtid!

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…