Til mann og kvinne…

<<Tilbake..>>

Ved forrige større endring av ekteskapslovgivinga i Norge gjekk det 16 år frå regjeringa i 1971 nedsette eit offentleg utvalg til det samme utvalget la fram si endelege innstilling i 1987. Slik demonstrerte ein at vi ikkje endrar forståinga av dei grunnleggande institusjonane i samfunnet med eit fingerknips. Vi registrerer at den sittande regjeringa tenker annleis.

 

Regjeringas hastverk
Tidenes mest radikale omdefinering av kva ekteskap er og kva det skal tene til, skal skuffast gjennom på rekordtid. Dette beklagar vi, og vi håper at departementet viser vilje til å forstå at rekkevidda i det som blir lagt fram, er av ein slik art at ein må ta meir tid til hjelp.

Pinleg tynn utgreiing
Departementets drøfting av dei samfunnsmessige konsekvensane av å oppheve ekteskapet slik det har fungert universelt gjennom historia som samfunnets grunncelle, er pinleg tynn.

Gamle heltar
Departementet ser ut til å ha henta inn rådgivarar som i stor grad har stadfesta statsrådens eigen posisjon. Dette blir tydeleg i dr. phil. Tove Pettersens framstilling, der ho hentar opp gårsdagens marxistiske (Engels) og feministiske (Beauvoir) heltar som sanningsvitne. Dette blir både einsidig og tynt, særleg med tanke på at dette er innstillinga sin ideologiske basis for eit svært radikalt skifte i forståing av ekteskapet som grunnleggande samfunnsinstitusjon.

Idiologisk fravær
Dei idiologiske dimensjonane knytt til kjønnspolariteten er nesten fråverande i refleksjonen, bortsett frå påpeiking av at reproduksjon no også kan sikrast gjennom adopsjon og donasjon. Dermed treng vi etter filosofens meining ikkje lengre grunngi behovet for ekteskapet med kva som er vilkåra for normal reproduksjon.

Flytting av fokus
Ei slik flytting av fokus frå grunnleggande menneskeleg biologi til laboratoriets muligheter mekaniserer tenkinga rundt forplanting og er med å gjere barn til eit produkt og ei vare som vaksne menneske har rett til.

Usolidarisk
Perspektivet er også djupt usolidarisk, fordi referanseramma berre er verda sine aller rikaste samfunn. Kunne departementet dokumentere som dei gjer dersom dei hadde hatt verda sine fattige samfunn for tanken?
Samfunnet skal særstille det som biologien og historia eintydig konstituerer.

Språklege endringar
At det gjerast grunnleggande språklege endringar (likekjønnede og ulikekjønnedeekteskap, samt medmor og medfar) som ikkje vil vere kompatible i ein verdsvid samanheng, burde i seg sjølv vere ei varsellampe.

Omgrepet ekteskap
Derfor bør omgrepet ekteskap beskyttast som eit ord som karakteriserer eit offentleg stadfesta samliv mellom mann og kvinne, og ekteskapslova bør gjelde dette aleine. Dette er i samsvar med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, slik departementets høringsnotat sjølv åpeiker. Dette er ei nødvendig og ikkje-diskriminerande forskjellsbehandling.

Hastverksarbeid
I spørsmålet om barns naturlege rett til å vokse opp med far og mor, må tekstforfattaren, jurist Katharina Gjeruldsen, ty til ei norsk masteroppgåve skriven av ein homofil frontfigur som primærkjelde. Gjeruldsen gjer i forarbeida greie for at ho ser det som viktig å presisere at «Eg ikke har arbeidet med homofilispørsmål tidligare». I tillegg seier ho at «tiden har vært en stor utfordring. Det er tidkrevende å foreta litteratursøk, og man bruker også mye tid på å vente på bøker og artikler. Dessuten er det mye materiale å få oversikt over og fordøye på kort tid. Når utredningen leveres den 15. desember har jeg hatt to mnd. på arbeidet.»

Useriøst av statsråd
Ei utgreiing på ein slik basis er useriøst av ansvarleg statsråd. Mykje tilgjengeleg forskingsmateriale som ville virke korrigerande, er utelate. Store spørsmål som barns naturlege utvikling av kjønnsidentitet i oppvekst med foreldre av begge kjønn, er knapt nemnt. Heile det utviklingspsykologiske elementet er fråverande.

Det spørsmålet ikke handler om
I staden gjer departementet sine obligatoriske retoriske øvingar med å seie at homofile er like omsorgsfulle som heterofile. Men kven er uenig i det? Spørsmålet handlar ikkje om kva for enkeltindivid som er personleg eigna men om kva samfunnet skal legge til rette for som optimalt for barns oppvekst: Nærleik til mor og far. Einkjønna par har nettopp denne fundamentale veikskapen: Mangelen på kjønnspolaritet.

Neglisering av utvikligspsykologien
Det er uholdbart at grunnlagsdokumentet for tidenes største endring av ekteskap og foreldreskap totalt neglisjerer utviklingspsykologien. Barn treng far og mor. At mange vaksne sviktar dette, eller at død for nokre set eit smerteleg skilje, betyr ikkje at barns naturlege og skapte behov for å relatere dagleg aktivt til mor og far om kompletterande ved å vere av ulike kjønn, forsvinn.

Kvotering overalt, men ikkje her!
Derfor bør både adopsjon og kunstig befruktning berre gjelde for ekteskapet av mann og kvinne. Politisk er det viktig å få kjønnsbalanse i styrer og råd. Det støttar vi. Det blir arbeidd hardt for å få menn inn i oppsedings- og omsorgsyrke. Det ser vi som svært viktig. Men på en mest avgjerande arenaen for barns danning vil ein frå politisk hald gå motsett veg. Slik gir ein opp å tenke barnets beste for å sikre noko som ein definerer som vaksne sine rettar. Ei slik haldning er det grunn til å åtvare sterkt imot.

Konsekvensar for læreplanar og skoleverket
Høringsnotatet har ein stor veikskap i at det ikkje drøftar konsekvensar av lovgiving på andre samfunnsområde. Særleg tenker vi på korleis ein tenker seg at dette skal nedfellast i læreplanar for skoleverket. Den nye tenkinga om at barn ikkje berre har mor og far men dertil mor og medmor eller far og medfar er vel tenkt å få nedslag i læreplanar og undervisningsmateriell.

Høve til å reservere seg?
Skal det vere høve til å reservere seg frå å bruke dette? Det svarar ikkje notatet på. Ein gjennomgang av dette ville ha vist nokre av dei store kulturelle konsekvensane av dei endringane regjeringa med dette legg opp til.

Friskolane
Norge har tradisjonelt gitt trangare rammer for å drive friskolar enn demokratiske land det er naturleg å samanlikne seg med. Skal slike skolar ha høve til framleis å undervise det som til no har vore den universelle forståinga av tinga sin samanheng gjennom ei lang historie?
Vi ser ikkje at dette tynne høringsnotatet gir grunnlag for nokon av dei endringane som regjeringa ser ut til å foreslå.

Trygge barn
Det er eit banalt faktum at det må samliv mellom mann og kvinne til for å skape barn og framtid. Og det trengs eit trygt forhold mellom mor og far for å skape trygge barn og trygg framtid. Dette er rissa inn i sjølve naturen og stadfesta av mykje forsking. Vi trur dette er gudgitt frå skapinga, men argumentasjonen er likevel allmenn. Skulle samfunnet åpne for at homoseksuelle får adoptere eller jamvel gå prøverørets veg, er dei avhengige av det motsette kjønnet. Uavhengig av seksuell orientering eller preferanse, er vi produkt av heteroseksuelle forhold. I det liberale demokratiet må folk få leve saman som dei vil, etter at vi har sett nokre grenser som vernar dei svake mot makt og overgrep.

Er alt like bra?
Men skal samfunnet dermed seie at alt er like bra og bør regulerast på samme måte? Skal lovgivinga berre spegle dei valga som folk gjer, om dei er forpliktande eller flyktige, mellom like eller ulike kjønn, i trekant eller firkant?

Her er våre svar tydelege:

«Samfunnet skal særstille det biologien og historia konstituerer. Omgrepet ekteskap må derfor beskyttast som eit ord som karakteriserer eit offentleg stadfesta samliv mellom mann og kvinne. Ekteskapslova bør framleis gjelde dette aleine. Vi avviser derfor departementets forslag om endringar.»

«Barn er frukt av relasjonen mellom mor og far. Det er viktig at samfunnet lagar ordningar og lover som set vern om dette og i best mulig grad oppfyller barns rett til dagleg omsorg frå mor og far. Vi vil derfor avvise forslaga til endringar i adopsjonslovgivinga og lovgivinga knytt til assistert befruktning. Det gir grunn til å tro at departementet ikkje fører prinsipiell argumentasjon mot homofile menns rett til å nytte surrogatmødre.»

Rolf Kjøde
generalsekretær i Normisjon