Horoskop. Underholdning eller skadelige råd?

<<Tilbake..>> 

Aviser og vekeblad er saman om å gi lesarane horoskop i kvart einaste nummer. Er det uskyldig underhaldning, eller villeiande råd til alle dei som trur på horoskop og astrologi? (KPK)

 

(20.6.2008)

– Vi ser på horoskopet som ein del av tilbodet til lesarane og stoler på at dei kan døme sjølv korleis dei ser på det, og velje kva dei vil lese. Dette høyrer med blant tilboda våre på sidene som vi kallar “Kaffepausen”, som utgjer ei blanding av fakta og fiction, først og fremst med eit klart underhaldningsaspekt.
Det svarer redaktør Nina Gram i VG. Ho ville ikkje svare munnleg på spørsmåla, men bare på mail.
KPK førela henne at horoskopa baserer seg på samanheng mellom fødselsdag og personlegdom og kva som vil skje vedkommande i livet. Ingen har påvist noen slik samanheng, og vi spurde kvifor VG dagleg presenterer eit horoskop utan å ta atterhald om innhaldet.

Trur på astrologi
Undersøkingar viser ein av fem nordmenn svarer at dei trur på astrologi. -Astrologi er direkte skadeleg når det blir tatt alvorleg, og eg forstår ikkje at seriøse aviser køyrer livssynet fram på denne måten, uttalte førsteamanuensis i religionsvitskap ved Menighetsfakultetet, Arild Romarheim i samband med at aviser som VG, Aftenposten og Fædrelandsvennen intervjua astrologar om framtida til prinsesse Ingrid Alexandra.

Både aviser og vekeblad har horoskop i kvart nummer.

– Astrofysikken avviser astrologien. At stjernene påverkar menneskets lagnad, er heilt utan sanningsinnhald, ifølgje Romarheim.

Tar ikkje stilling
Til Nina Gram skrev vi at sidan så mange tar astrologi på alvor, betyr det utan tvil at ein god del av lesarane tar det VG presenterer på alvor.
– Er det ikkje VGs oppgåve å opplyse og ikkje villeie lesarane? Eller har de undersøkingar som viser samanheng mellom fødselstidspunkt og livssituasjon? Ikkje noko i presentasjonen tyder på at dette skal forståast som spøk.
– Eg tar ikkje stilling til om lesarane trur på horoskopet eller ikkje, men det er sjølvsagt viktig for oss at tonen i horoskopet er riktig, og det synest vi Bård Tvedt løyser på ein utmerka måte, er alt Gram vil svare på det.
– I horoskopet for 30. august står det under fiskane: «Blir det maktkamp og diskusjoner denne dagen, er det all grunn til å bryte tausheten og si din hjertens mening,» ifølgje horoskopforfattar Bård Tveit. Kva grunn har de for å bringe eit slikt råd som like godt kan bli til skade som til hjelp?
– Eg har stor tru på at lesarane våre vurderer horoskopet for det det er. Eg kan ikkje utan vidare finne rådet om å si “sin hjertens mening” som så dårleg. Sjølvsagt er det viktig at horoskopforfattaren i ei så generell spalte også kjem med generelle råd, og det er slik eg også oppfattar dette svaret, skriv redaktør Nina Gram.

Torbjørn Greipsland
Henta frå Kristelig Pressekontor.
Fyrste gong publisert 3.9.2007:
http://www.kpk.no/index.cgi?art=4332


Ingen samanheng mellom fødselsdag og personlegdom

Ikkje noko statistisk samanfall mellom fødselstidspunkt og registerte karaktertrekk til ein person.
Det var konklusjonen som forskarar kom fram til etter å ha granska 15 000danskar og tyskarar for å sjå om det var nokon samanheng mellom fødselsmånad og personlegdom. (KPK)

Ifølgje Illustrert Vitenskap hadde forskarane som var psykologar, tilgang til databasar som mellom anna inneheldt personlegdomsprofilar og opplysningar om intelligenskvotient og fødselstidspunkt. I 2003 kom ein australsk forskar, Geoffrey Dean, tidlegare astrolog, til same konklusjon. Han undersøkte 2000 personar som var fødde med få minutts mellomrom.

Torbjørn Greipsland
Henta frå Kristelig Pressekontor.
Fyrste gong publisert 20.11.2006.
Les meir på http://www.kpk.no/index.cgi?art=3638