Hva sier Jesus om bønn?

<<Tilbake..>>

 

Hva sier Jesus om bønn? Det er mange som har meninger om bønn. Det hadde Jesus også. Han sier mye om bønn. Hva som er viktigst av det han sier, avhenger sikkert av hvor vi selv er i livet. Det oppleves forskjellig.

 

I Jesu navn
Den siste kvelden Jesus var sammen med disiplene skjedde det mye viktig. Han påla dem mye. Men det viktigste var: Nå skal dere få be i Jesu navn.
Fordi Jesus er den han er, kan du få komme til Gud slik du er! (Hebr 10,19)

Hvile
Bønn er ingen åndelig trimøvelse, men en hvile. Vi blir ikke bønnhørt på grunn av den ene eller andre kraftanstrengelsen fra vår side. Det trodde hedningene (Matt 6,7-8). Alt er gratis, av nåde.

Alt
Til Gud kan vi komme med alt som opptar oss. Både det tankene og sinnet vårt er fylt med er Gud interessert i. Allikevel kan vi si at Gud spesielt lengter etter å tilgi. Han vil derfor gjerne høre bønner som: «Gud, vær meg synder nådig!» eller: «Jesus, du Davids sønn, miskunn deg over meg!» (Luk 18,13-14)

Guds løfter
Det er mange løfter knyttet til bønn. Et sted sier Jesus: «Be, så skal dere få.» For oss mennesker kan dette virke fjernt. Men ikke for Gud. Det er kanskje viktig og minne om at et nei er også et svar. Og at Gud mange ganger svarer på en annen måte en slik vi ønsket at det skulle skje.

Sigmund Danielsen


Bibelord om bøn

Matt 6
5 Når de bed, så far ikkje åt som hyklarane. Dei vil helst stå i synagogene og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, det seier eg dykk: Dei har alt fått si løn. 6 Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt og lat att døra, og bed til Far din som er i det dulde. Og Far din, som ser i det dulde, skal løna deg.
7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis:
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
10 Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
11 Gjev oss i dag vårt daglege brød.
12 Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
13 Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.

Matt 7
7 Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk? 11 Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!

Matt 26
39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad:«Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så greidde de ikkje å vaka ein time med meg? 41 Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tøma henne, så lat det vera som du vil.» 43 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad same bøna tredje gongen.

Mark 1
35 Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod han opp og gjekk til ein øydestad; der bad han.

Luk 9
28 Ikring åtte dagar etter at han hadde tala desse orda, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet og ville be. 29 Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan utsjånad, og kleda hans vart skinande kvite. 30 Brått stod det to menn og tala med han; det var Moses og Elia. 31 Dei synte seg i herlegdom og tala med han om den utgangen livet hans skulle få i Jerusalem. 32 Peter og dei andre hadde falle i djup svevn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. 33 Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. 34 Og medan han tala, kom det ei sky og skygde over dei, og dei vart redde då dei kom inn i skya. 35 Og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» 36 Men då røysta hadde lydt, var det ingen å sjå utan Jesus åleine. Læresveinane tagde med dette, og dei tala den gongen ikkje til nokon om det dei hadde sett.

Luk 11
1 Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig med bøna, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, så som Johannes lærte sine læresveinar.» 2Han svara: «Når de bed, skal de seia:
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
3 Gjev oss kvar dag vårt daglege brød.
4 Tilgjev oss våre synder,
for vi òg tilgjev kvar den som har synda mot oss.
Og før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.»

5 Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: Kjære, lån meg tre brød, 6 for ein ven som er på ferd, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han. 7 Trur de at han der inne då vil svara: Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko. 8 Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det fordi det er venen hans, så står han då opp og lèt han få alt han treng fordi han er så pågåande.
9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.
11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Luk 22
«[…] 31 Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. 32 Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine.» 33 «Herre,» sa Peter, «med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden.» 34Men Jesus svara: «Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.»
39 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget, som han hadde for vane, og læresveinane fylgde han. 40 Då han kom dit, sa han til dei: «Bed at de ikkje må koma i freisting!» 41 Han gjekk frå dei, så langt som eit steinkast, og la seg på kne og bad:42 «Far, om du vil, så ta denne skåla frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»43 Då synte ein engel frå himmelen seg for han og styrkte han. 44 Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg; og sveitten hans vart som bloddropar, som fall på jorda. 45 Då han reiste seg etter bøna og kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, fulle av sorg. 46 «Korleis kan de sova?» sa han. «Reis dykk, og bed at de ikkje må koma i freisting!»

Joh 14
12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Joh 16
23 Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. 24 Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.
25 Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen. 26 Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk; 27 for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud.

Joh 17
Då Jesus hadde sagt dette, såg han opp mot himmelen og sa:
Far, timen er komen. Herleggjer Son din, så Sonen kan herleggjera deg. 2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv. 3 Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus. 4 Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera. 5 Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.
6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt. 7 No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg. 8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot dei og sanna fullt ut at eg har gått ut frå deg, og dei trur at du har sendt meg.
9 Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg; for dei er dine. 10 Alt mitt er ditt, og ditt er mitt, og eg er herleggjord gjennom dei. 11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt liksom vi er eitt. 12 Då eg var hjå dei, heldt eg dei fast i ditt namn, som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan den eine som høyrde fortapinga til, så Skrifta skulle oppfyllast. 13 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål. 14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, liksom eg ikkje er av verda. 15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut or verda, men at du må vara dei frå det vonde. 16 Dei er ikkje av verda, liksom eg ikkje er av verda. 17 Helga dei i sanninga; ditt ord er sanning. 18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda. 19 Eg vigslar meg for dei, så dei òg skal vera vigsla ved sanninga.
20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. 21 Eg bed at dei alle må vera eitt, liksom du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. 22 Eg har gjeve dei den herlegdomen du har gjeve meg, så dei skal vera eitt liksom vi er eitt: 23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei liksom du har elska meg. 24 Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hjå meg der eg er, så dei får skoda min herlegdom, som du har gjeve meg av di du elska meg før verda vart grunnlagd. 25 Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. 26 Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei, og eg sjølv kan vera i dei.