Hjem Søndagskommentar Kyndelsmesse – 2 februar

Kyndelsmesse – 2 februar

9 min lest
0
0
1,327

Luk 2,22 – 40jesus og Simeon i tempelet

Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren. For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren. Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.

I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa: «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred, slik som du har lova. For mine auge har sett di frelse, som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,  eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel.»
Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»
Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret. Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.

 

I oppslagsverket Wikipedia les me mellom anna fylgjande om Kyndelsmesse: «Kyndelsmesse, formelt «Festen for framberinga av Herren i tempelet», er ein kristen feiringsdag til minne om at Jesus vart boren fram i tempelet i Jerusalem førti dagar etter fødselen. Dagen vert feira 2. februar i vestleg og austleg kristendom, bortsett i den armenske ortodokse kyrkja, – – – .»

Dette var ein jødisk tradisjon som skreiv seg attende til eit påbod frå Herren i 3 Mos 12,2 – 4. Foreldra bar òg fram det offeret til Herren som var fastsett i lova. v24

 

No fortel ikkje Lukas mykje om sjølve framberinga av Jesus. Derimot gjev han god plass til to personar som møter den vesle familien i tempelet og til deira vitnemål om barnet.

 

Simeon – «var  ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst», står det i teksta vår. Den heilage ande som var over han hadde synt han at han skulle få leva til han hadde sett Guds Messias, «den som Herren hadde lova». No står han med barnet i armane sine, og med profetisk klarsyn ser han Guds frelse for alle folk, og han vitnar om Jesusbarnet som «eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel.»

 

Så velsignar Simeon dei og fortel Maria: « –  òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd.»  Det peikar nok fram til det ho måtte oppleva av smerte og sorg den grusomme dagen på Golgata vel 30 år seinare.

 

Den andre personen evangelisten fortel om er profetkvinna Anna, den åttifire år gamle enkja som aldri var borte frå tempelet, «men tente Gud i faste og bøn natt og dag». Ho hadde kanskje ikkje vorte lagt så mykje merke til med si teneste i tempelet, men no kom ho fram og lova Gud og «fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.»

 

Ingen veit kor mykje Maria og Josef skjøna av dette som vart sagt om barnet deira. Me må vel rekna med at dei frå fyrste stund hadde hatt ei aning om at det som hadde hendt dei var eit Guds verk. Dei hadde hatt syn av englar og teke mot bodskap frå Herren gjennom englar og i draumesyn. Når dei no høyrer kva Simeon forkynner for dei om barnet deira, så skjønar me godt at dei undrar seg. Kanskje opplever dei at det som har hendt dei er av evige dimensjonar som kjem frå den himmelske verda? Kanskje ser dei ein liten flik av rikdomen i dette å vera berarar av Guds frelse til den fortapte verda? Kanskje dei vart fylte av ærefrykt for det heilage og med audmjuk takk og tilbeding for det store underet som hadde hendt dei?

 

Den siste setningen i teksta syner oss eit svært viktig stykke av vår truslære: Barnet som var født var både Gud og menneske: Han var eit menneskebarn som voks og utvikla seg. På same tid var han Guds son som «vart fylt av visdom og Guds nåde var over han».

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • Jesus, sønn av…

    Hei. Slektstavla fra Abraham til Jesus som består av 42 slektsledd. Jeg forstå ikke at den…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …