2. Juledag.

18 min lest
0
0
871

Matt. 10, 16 – 22; (Lesetekster: Salme 86, 11 – 17  og Apgj. 6, 8 – 15)  Soloppgang-01

 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer!
     Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogane.  Og for mi skuld skal de førast fram for landshovdingar og kongar og vitna for dei og for heidningane.  Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda.  For det er ikkje de som talar; det er Anden til Far dykkar som talar gjennom dykk.  Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og senda dei i døden.  Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.

 

I hovudteksta vår sender Jesus ut læresveinane sine og seier til dei: “Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver listige som ormar og uskuldige som duer.” Dette første verset summerer opp resten av teksta. Jesus lovar ikkje kyrkja gull og grøne skogar, men forfølging og hat slik som den først martyr Stefanus opplevde. Eg vel å fortelja ein liten del av den kristne kyrkja si historie som ein måte å nærme seg tekstane på denne søndagen.

 

Kona mi og eg var i fire år misjonærar i Japan, frå des. 1973 til des. 1977. Vi har hatt høve til å vitja Japan to gonger etter det. For våre japanske reiser har gamle røter under kristenliv i Japan, rundt Nagasaki, vore viktige men å oppleva å møta staden Izumo og kyrkjelyden vi har vore med på å byggja der aller viktigst, dinest synest vi Japan er det mest spanande reisemålet på kloden for oss.

 

Kyrkjehistoria i Japan starta då Franciscus Xavier kom til Japan i 1549. Han og den japanske hjelparen hans, Yajiroo, steig i land i Kagoshima 15. aug. 1549. Den første kristne tida var som ei sakurablomstring. Kristendommen apellerte til det japanske folket, og mange vart døypte. Men så slo ei frykteleg kristenforfølgjing til ved Shogunatet. Den første kristne blomstringstida vart kort, som sakuraen i vakker blomst tre dagar for å falla til jorda.

Misjonærane Pedro Zuniga og Luis Flores prøvde å koma inn i Japan i 1620. Ein japansk kaptein på ei seglskute hadde teke desse modige misjonærane med over havet for at dei kunne gjera presteteneste i store kyrkjelydar som trong prestar til å høyra skriftemål, leia messer og kyrkjelege handlingar. Dei to misjonærane og den japanske kapteinen som tok dei over havet til Japan, vart brende levande til døde. Dei kristne i området vart varsla om kva som skulle skje og dei samla seg i store mengder. Meir enn 30 000 menneske stemde i og song Marias lovsong då bålet vart tent: ”Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar.” Dei heldt fram med å syngja: ”Laudate omnes gentes, laudate Dominum. Syng lovsong heile jorda, syng lovsong for vår Gud”.

 

Gjennom denne forfølgjingstida er det fortalt at ved slike grufulle hendingar møtte kristne fram i liknande tal og sa fram truvedkjenninga medan dei knela, bad Fadervår, Ave Maria og andre bøner. Det store talet av kristne som var til stade ved desse henrettingane, seier noko om det grepet den kristne trua hadde på det japanske folket. ”Den kristne trua hadde sett djupe røter i eit stort segment av det japanske folket. Dette overraska og sette støkk i styresmakta. Den kristne tru hadde skapt urokkelege heltar av menn, kvinner og born som høyrde til klassar som til nå hadde vore forakta og håna.” (A History of Christianity in Japan, Richard H. Drummond, s. 103)

 

På vår siste tur til Japan drog vi til Hara Joo, for å koma geografisk nær Shimabara-opprøret i 1637 – 1638. Dette opprøret starta på grunn av politisk og økonomisk undertrykking. Tåle-grensa var tøygd så langt at kristne gjekk i spissen for forandring. Dei som hadde leiinga i opprøret, sto fram med si kristne tru og at dei var viljuge å døy for å få til forandring. 37000 fattige menneske, fleirtalet av dei kristne, tok del. Dei hadde svært lite våpen og enda til slutt opp i ein situasjon der dei forskansa seg i Hara Joo. Dei vart kringsette over lang tid av store styrkar på sørspissen av Shimabara-halvøya og gjekk til slutt fri for mat og ammunsjon. Shogunatet sine soldatar gjekk inn og drepte alle som ein; menn, kvinner og born, 37000.

Det same Shogunatet oppga i 1858 den lange tradisjonen av isolasjon mot omverda og underteikna ei handelsavtale med USA. Amerikanske borgarar fekk høve til å byggja gudshus og utøva eigen religion. Endringane i 1858 førte til at Shogunatet fall, at keisaren overtok makta og at landet var på god veg mot demokrati.

 

Pater Petitjean kom til Nagasaki i 1863. Han brukte japanske tømmermenn til å byggja Oura-kapellet sør for Nagasaki. Pater Petitjean hadde høyrt før han reiste til Japan at det skulle vera ein del truande i det sørlege Japan som hadde praktisert si kristne tru i løynd og at det framleis skulle vera kakure-kristne som hadde overlevd denne grusomme forfølginga gjennom 220 år. Dei hadde bruka inventar i kyrkjene som såg ut som bodhisattvaer eller buddhastatuar, men under gudstenestene snudde dei figurane og fekk fram både kross, krusifiks og Maria med barnet. Dei hadde klart å halde fast ved den tru Franciscus Xavier hadde gitt deira forfedre.

Medan Oura-kyrkja vart bygd kom japanarar i flokkevis for å sjå ”det franske tempel”. Men interessa avtok avdi japanarar framleis ikkje fekk høve til å praktisera den kristne religionen. Den religionsfridom som i teorien skulle rå, gjaldt så langt berre utlendingar. Framleis heldt forfylgjinga fram mot japanske kakure-kristne.

 

Ettermiddagen 17. Mars 1865 knelte Pater Petitjean ved altaret i bøn. Då knirka det litt i døra, og ein eller annan kom stille fram til altaret. Han snudde seg og såg ei bondekone som sa:

”Kvar er statuen av Sankta Maria?” Med skjelvande fingre peika pateren mot statuen. ”Åh, Sankta Maria!” ropa kona, ”Så søtt det heilage barnet er!”

 

Dette var det første møtet mellom desse forfølgde japanske katolikkane og kristne frå omverda etter meir enn 220 år med forfylgjing mot dei kakure-kristne i Japan. Anne og eg sto framme ved altaret i den gamle Oura kyrkja sør i Nagasaki og tenkte attende til ettermiddagen 17. Mars 1865. Det var ikkje meir enn 4 generasjonar sidan. Det ligg eit uroande spørsmål under: Korleis kunne Gud sjå på at ei ung kristen rørsle vart knust under trykket av Tokugawa- forfylgjinga?

 

Når vi vender oss til hovudteksta vår idag, kan svaret simpelthen vera at dette er normalsituasjonen for ei kristen kyrkje. Men Kyrkja var likevel ikkje knust, det var det Pater Petitjean opplevde 17. Mars 1865. Kan vi tenkja at heller ikkje denne delen av kyrkja si lidingssoge var fåfengd? ”Martyrenes’ blod er kirkens sed.” Japan har i mellomtida vorte eit ekte demokratisk land med rom og rett for religiøs utfalding. Shogunatet har gått over i historia i all sin brutalitet og primitive maktutøving.

 

Mange av dei unge i Izumo kyrkje hadde likevel opplevd på kroppen at familie og lokalsamfunn ikkje nettopp hadde støtta dei i deira kristne liv. Det går ei line frå dei forferdelege forfylgjingane dei kakure-kristne vart utsette for under Shogunatet, til den knallharde motstanden i Sanin området mot at unge japanarar skal velja å verta kristne og bryta med det shintoistisk/buddhistiske fleirtalet i lokalsamfunnet. Gud kunne bruka dette at ei ung katolsk kristen rørsle vart på det næraste knust under 220 år med frykteleg forfylgjing.

 

Dette, og meir til, var nødvendig for at den japanske staten skulle gje folket full religionsfridom, for at den kristne kyrkja i Japan skulle kunna veksa. Er kristne sine kår i verda i vår tid slik at Jesus brukar forfylgjing og prøving for å få si kyrkje til å veksa og mognast? Det er eit drygt stykke å akseptera at unge japanarar vert forfylgde for si kristne tru.

Men poenget i teksta for dagen er nettopp at Gud kan bruka både vårt liv og vår død til å tena Hans gode vilje. Teksta seier ikkje at vi har lov til å bruka menneske, men at Gud som ser og kjenner alt kan snu det vonde til å tena Guds føremål.

Jesu læresveinar hadde lært Jesus å kjenna, dei hadde ete og drukke saman med Han. Styrken i deira vitnemål var det faktum at dei hadde levd saman med Jesus.Vi vert trekt inn i dette fellesskapet når vi høyrer Guds Ord. Tenk han er ikkje langt borte, han er meininga i tilværet, han er meininga i mitt liv.

 

Der sterke politiske og religiøse krefter vil knusa den kristne kyrkja, der vert kristne sette under trykk. Peter feila då han vart sett på prøve. Han får Jesu tilgjeving. Gud kunne likevel bruka han. Gud elskar deg og vil bruka deg. Vi kjenner det drygt at kristne i Japan, både i gamal tid og i nyare tid vert sette på harde prøver. Den same skulen gjeld for Simon Peter, kakure-kristne under Shogunatet si tid, unge og gamle som lever idag i Sanin området og kristne i det moderne Noreg. Gud treng ei kristen kyrkje som veks og mognast til liv og teneste for den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus.

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…