Hjem Søndagskommentar Julafta – ANNO DOMINI 2014.

Julafta – ANNO DOMINI 2014.

14 min lest
0
0
1,262

Luk. 2, 1 – 20.     Illustrasjon gjeter møter Jesus 1270062410_200x248

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.  Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
     Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt  og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.  Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,  og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
     Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.  Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.  Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:  I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.  Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»  Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

«Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!»

Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»  Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.  Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.  Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.  Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

 

Skal tru om det var mange som høyrde englesongen den første julenatta?

Var det berre sauegjætarane, som låg ute om natta?

Var det mange som såg lyset?

 

Ein skulle tru det var mange som høyrde og såg, der var jo ein stor himmelhær saman med engelen som lovsong Gud og Herrens herlegdom lyste kringom dei.

Keisar Augustus hadde samla folk for at dei skulle la seg innskrive i manntal. Det var folksamt over alt og det var ikkje ein gong rom i herberga.

 

Er det mange som, 2014 år etter Jesu gebursdag, ser lyset frå Herrens herlegdom, høyrer englesongen og møter himmelhæren av englar?

Høyrer vi etter om Gud har noko å seia oss? Interesserer det oss om Gud har noko han vil formidla til oss?

 

Som den første julenatta har vi mykje lys, song og mykje vakkert å sjå og høyra. Kanhenda ser vi lysglansen utan å oppleva lyset frå himmelen. Kanhenda høyrer vi julesonga utan å møta englane. Kanhenda høyrer vi juleevangeliet utan å finna barnet?

 

Kjære gut og jente, far og mor! Gud er heilag og kan ikkje akseptera at vi bryt Guds vilje, men han viser sin kjærleik ved å senda Jesus for å ta bort det gale vi har gjort.

 

Du som er barn, har du opplevd at far vart lei seg for noko gale du gjorde? –  du slo veslesystera di –  du var sint og sa at du ikkje var glad i mor og far.  Kan du hugsa kor glad du vart då du angra det du gjorde? Då du sa unnskyld til far?

Kan du hugsa kor godt det var å få tilgjeving? Forholdet til far var godt igjen og du merka at far ikkje var lei seg lenger.

 

Vi kan veta at Gud ikkje lenger er lei seg, at Han ikkje er vreid, ved at Han har sendt son sin, Jesus til oss. Det er eit faktum: ”I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er

Kristus, Herren”. Høyrer du englesongen og ser du lyset frå himmelen? Ein redningsmann er fødd for alle. Han kom inn i vår slekt og tok din plass under Guds rettferdige dom over vår synd.

 

Enn vi då? Kva skal vi gjera? Vi skal finna eit barn. Nøkkelen til frelse og evig liv finn vi hjå Jesusbarnet. Det er trua som finn, som kjem saman med gjetarane til barnet i krybba.

Høyr og tilbe, saman med himmelhæren av englar:

”Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!”

 

Når vi, saman med englane, syng lovsong til Gud, då vert julegudstenesta vår ei høgtid i seg sjølv, med flott orgelmusikk, sterk og vakker salmesong frå kyrkjelyden vår som syng med glede og innleving i ei stuvfull kyrkje. Tekstlesing og preike har fått fram poenget i juleevangeliet. Truvedkjenning, Fadervår og velsigning kjennest  meiningsberande, sterkt og personleg. Etter ein liten prat ved kyrkjedøra med utveksling av ønske om God Jul, kan vi med glede ta fatt på heimveg enten det vert regn og rusk eller mengder av nysnø.

 

 

Julegudstenesta og dette vi opplever straks vi er utafor kyrkjedøra, syner seg for oss som ei openberring av venleik og visdom. Lyset og englesongen, gjetarane ute på markene ved Betlehem, julebodskapen og snølandskapet rundt kyrkja eller regnet som vaskar mot bilruta; alt høyrer saman og er ein del av den djupe kjensla vi har av helg og høgtid.

 

Ei stor glede, ja! Du gagnar deg sjølv ved å vera glad. Når du er glad, duger du til arbeid og utfører det med kraft og fart. Når du er glad, er du til oppmuntring for dei du er saman med. Gleda er sjela sin kraftige og sunne tilstand.

 

For mange er angsten ei dagleg oppleving. Ein og annan har opplevd at slottet som vart reist i ungdommeleg begeistring, har falle i grus. Mange opplever det vanskeleg å sjå meininga med livet. Terror ser ut til å innhenta oss, verdssituasjonen ser uklar og vanskeleg ut.

 

Då er det fint å få forkynna, ropa ut: Livet har meining! Sjølv til deg som må slita med angst og depresjon, kjem Jesus med lys og håp! Det finns ein veg til livslandet! til gleda si kjelde!

“Sjå eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: “Idag er det fødd dykk ein Frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.” Med desse orda vart Kristendommen

innført i verda julenatt. Denne meldinga har heller ikkje seinare vorte trekt tilbake. Veit du, eg trur for ramme alvor at engelen tala sant og at bodskapen er like sann for oss som høyrer den nå. Engelen var send frå Gud. Den store gleda finns i ein bodskap som vart forkynt over Betlehemsmarkene og som vert forkynt her og nå. Den sanne gleda kan opplevast under livet sine skiftande situasjonar og kår.

 

Kva er den store gleda? Det er gleda over at Gud den allmektige kjem til oss. Det er gleda over Guds frelse. Det er gleda over å verta funnen av Han, vår frelses Gud. Gud kom sjølv for å frelsa oss, når tida var inne. Han kom ikkje til dei rike og mektige, men til Josef og Maria, gjetarane, dei tre utlendingene, deg og meg. Guds frelseplan gjeld alle:”Åkeren er Verda!”

Gudstru er viktig frå vogge til grav, det sekulære samfunnet strekk ikkje til: “Vesle vitet det strekk ikkje til, ei tru må stydja oppunder!”

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…