Hjem Søndagskommentar 11.sundag i treeiningstida – Jesu klage over Jerusalem

11.sundag i treeiningstida – Jesu klage over Jerusalem

4 min lest
0
0
263

Matt 23,37 – 39Illustrasjon Jesus ber

Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier:
‘Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»

 

I dette kapittelet møter me Jesus i eit sterkt oppgjer med det religiøse leiarskapet i Jesusalem. Den fyrste delen er ein tale til læresveinane hans og til folket.(v1 – 12 ) Her åtvarar han dei mot å fylgja dei skriftlærde og farisearane.  «Alt det dei seier til dykk, skal de gjera og halda; men etter gjerningane deira skal de ikkje retta dykk. For det dei seier, gjer dei ikkje.» (v3)

 

I det neste avsnittet , som er det lengste avsnittet i dette kapittelet, ropar Jesus «Ve» over dei: «Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar.» Heile sju gonger lyder desse harde domsorda over dei som hadde ansvaret for å leia folket på Guds vegar. Og kvar av desse ve-ropa syner til grunnleggjande brest i deira liv og praksis som åndelege leiarar.

 

Og så kjem me til teksta vår, v37 – 39.  No står ikkje Jesus lenger overfor leiarane for folket, med dom. No står han saman med folket og ber fram si klage over folket sin hovudstad, Jerusalem.  Og når han klagar Jerusalem for drap av profetane som Guds utsendingar, så syner han at byen representerar folket si haldning i denne saka. Han hadde gong på gong prøva å kalla dei inn under si vernande omsorg og frelse, men dei ville ikkje!  Me anar ei djup sorg og smerte bak desse orda av Jesus. Han elskar sitt folk og han er medviten på at han har makt og vilje til å frelsa dei frå dom og straff. Men dei ville ikkje la seg frelsa.

 

Profeten Jesaia opplevde sikkert noko av det same 600 – 700 år tidlegare når han forkynte for Israelsfolket: For så seier Herren Gud, Israels Heilage:
«Vender de om
og held dykk i ro,
skal de bli frelste.
I stille og tillit skal dykkar styrke vera.»
Men de ville ikkje.»

 

Den største tragedien og ulykka for eit enkeltmenneske eller eit folk er å ikkje vilja ta i mot redning frå han som kan og vil frelsa!

  • jesus og Simeon i tempelet

    Kyndelsmesse – 2 februar

    Luk 2,22 – 40 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg op…
  • Jesus i Tempelet

    Kristi åpenbaringsdag

    Luk 2,40-52 «Og gutten vokste og ble sterk, fylt av visdom, og Guds nåde var over ha…
  • Illustrasjon Hanna og Simeon i Templet

    Romjuls søndag

    Luk 2,36-38 Det var en kvinne der som var profet, Anna, Fanuels datter, av Asjers stamme. …
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

Kyndelsmesse – 2 februar

Luk 2,22 – 40 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg op…