Hjem Søndagskommentar Maria budskapsdag – 23.03.14

Maria budskapsdag – 23.03.14

7 min lest
0
0
390

Luk. 1, 26 – 38Illustrasjon Gjenkomst 1322477413

Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 

Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. Men engelen sa til henne:
«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus. 

Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.

Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,

og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»

Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,
og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
Difor skal òg barnet som blir fødd,
vera heilagt og kallast Guds Son.

 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. For ingen ting er umogleg for Gud.» Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

 

 

Ni månader før juledag feirar vi Jesu unnfanging, men og  Maria som det gode føredømet ho er for alle kristne. Dette er for Den verdsvide kyrkja eit tema med god økumenisk profil. Situasjonen til Maria var ikkje lett, ho risikerte å verta steina, likevel feirar me inkarnasjonsfest så nær 25. mars som mogleg. Maria var lydig mot Gud. Elisabeth var eit vitne om Guds handling med Maria, ho vart og til stor hjelp for henne. Son til Elisabeth, Johannes Døyparen ga sitt første vitnemål om Jesus før han vart fødd, då han ennå var i Elisabeth sitt morsliv.  Elisabeth sa til Maria:”Då di helsing nådde øyra mitt, sparka barnet i magen min av fryd.”

 

Vi gleder oss over realismen i måten denne fortellinga vert formidla på. Jesus, Johannes Døyparen, du og eg var elska av Gud frå ei celle stor. Me kan gjerne når me les denne fortellinga undrast over kvar fortellinga om storken kjem frå. Den fortellinga er framand for Bibelen, Elisabeth og Maria. Sterke krefter i vårt eige samfunn vil leia oss bort frå trua på Den treeinige Gud.

 

Tanken om at det finns ein Gud som har skapt oss og som held oss oppe ved sitt Ord og at han ynskjer å leia oss, er ikkje særleg populær. Likefullt: At livet i tru er rett, godt og meiningsfullt, det er ei overraskande oppdaging vi kan gjera ved å fylgja Jesus. Slik var det på Maria si tid og slik er det i dag. Der moderne tankar om sjølvrealisering vert gjennomførde i sin ytterste konsekvens, vil ofte kveitekornet si lov brytast. Det spirer ikkje etter egoisme, snarare oppstår ein ny type fattigdom midt i materiell overflod. Som kristne må vi få fram at det er stor skilnad på eit liv i tru og eit gudlaust liv. Forkynning og kristne miljø må vera radikale nok til å hjelpa menneske fram til omvending og tru på Jesus Kristus.

 

Kvifor er denne sundagen ein festdag midt i fastetida? Avdi Engelen Gabriel vitja Maria i Nazareth og ga henne bodskapen: ”Ver helsa, Maria. Herren er med deg. Du har funne nåde hjå Gud. Du skal verta med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus”. Ho vart med barn ved at ”krafta åt den høgste skygde over henne” og engelen sa: ”Difor skal og barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son.”

  • julekalender2017dag13

    Adventskalender 2017 – Dag 13

    Årets adventskalender i Jesusnett er en bønnekalender for hele familien, med en bibelhilse…
  • julekalender2017dag12

    Adventskalender 2017 – Dag 12

    Årets adventskalender i Jesusnett er en bønnekalender for hele familien, med en bibelhilse…
  • 20171209_1842131

    3. Søndag i adventstiden

    Luk 3,7-18 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
  • 20171209_1842131

    3. Søndag i adventstiden

    Luk 3,7-18 Mye folk dro ut for å bli døpt av Johannes, og han sa til dem: «Ormeyngel! Hvem…
  • 20171203_2120361

    2. Søndag i adventstiden

    Luk 21,27-36 Da skal de se Menneskesønnen komme i skyen med stor makt og herlighet. Men nå…
  • lys1

    1. Søndag i adventstiden

    Luk 4,16-22a Han kom også til Nasaret, hvor han var vokst opp, og på sabbaten gikk han inn…
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

Adventskalender 2017 – Dag 13

Årets adventskalender i Jesusnett er en bønnekalender for hele familien, med en bibelhilse…