Hjem Søndagskommentar OTTESANG 1. JULEDAG

OTTESANG 1. JULEDAG

5 min lest
0
0
2,237

Matt 1,18 – 25

Jesus blir født.Engel og Josef

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
 Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.

 

Josef og Maria var trulova. Me kan rekna med at dei var glade i kvarandre og såg fram til å dela livet som ektefolk når den tida kom. Så kom det for ein dag at Maria var gravid, og Josef kom inn i eit frykteleg dilemma. Han var kjent med jødisk tankegang og lovgjeving. Han visste at etter det rådande synet var truloving å rekna som starten på ekteskapstiftinga. Når han oppdaga korleis det stod til med Maria, så måtte han tru ho var ei lettsindig kvinne som hade levt i hor. Han hadde høve til å skilja seg ved dom. Då ville Maria sitja att med heile skamma.  Men Josef var ein rettvis mann og ville spara Maria så langt han kunne. Dermed valde han å skriva eit skilsmålsbrev og skilja seg frå henne i det stille. Då ville han bli sett på som svikaren og ta heile skamma på seg.

 

Så langt var Josef kome i planlegginga då han fekk besøk av ein Herrens engel. Denne Guds bodberar fortalde at Maria sitt foster var av Den heilage ande. Det barnet ho skulle føda skulle Josef gje namnet Jesus, « – for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

Og her kjem evangelisten Matteus med ei viktig opplysning; det som no skulle skje, var ei oppfylling av Jesaja sin profeti frå 600 – 700 år tidlegare.

 

Også kan Guds kyrkje på jord i dag, over 2000 år etter hans fødsel, samrøystes vedkjennast trua på « – Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre, som vart avla ved Den heilage Ande, født av Maria møy – ».

 

Han måtte vera både Gud og mann for å kunne frelsa oss menneske frå våre synder.

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …