JULAFTAN

7 min lest
0
0
239

Luk 2,1 – 20

Jesus blir fødtIllustrasjon gjeter møter Jesus 1270062410_200x248

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske Gud har glede i!»
Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

«Factum est – » sa latinarane på 300 – 400 – talet  då dei skulle slå fast ei kjensgjerning.   Factum est –  det skjedde!  Dette var dei fyrste orda den lærde Hyeronimus skreiv i 391 då han skulle omsetja Det Nye Testamenet til latin og var kome til Luk 2,1. Han slo fast ei kjensgjerning. Her finst ikkje diskusjonsgrunnlag! Dette er fakta!

Det er legen og historikaren Lukas som har denne forteljinga. Han er nøye med å knyta hendinga han fortel til historiske fakta: Det var den tida Augustus var keisar i Rom og Kvirinius landshovding i Syria. Det var den tida det vart teke manntal «over heile verda». var det det skjedde, det som skapte eit tidsskilje i verdssoga. Seinare rekna dei før eller etter Kristus!

 

Det kom eit ungt par til Betlehem. Dei hadde gått den lange vegen frå Nasaret og var sikkert slitne. Den unge jenta var høggravid. Dei fekk ikkje husrom og måtte ta til takke med det dei fann. Kanskje ei fjellgrotte som hyste esel og kyr. Rått, kaldt og mørkt var det der. Grell, naken naud, smerte og angst var det der.

Men der skjedde det! Det største som har hendt gjennom alle tider. «Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss». (Joh 1,14)  Guds son frå æva forlèt sin herlegdom og guddomsprakt og let seg bli født som eit lite og sårbart menneskebarn inn i armodskår. «Det vesle barn i Betlehem, han var ein Konge stor som kom frå høge himmelslott ned til vår arme jord».

 

Factum est! Me feirar noko som faktisk skjedde, og me kan få vera frimodige og ærlege når ma sannar trua på underet i Betlehem.

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

20. Søndag i teenighetstiden

  Joh 11,1-5 En mann som het Lasarus, var blitt syk. Han var fra Betania, landsbyen d…