Hjem Søndagskommentar 2.søndag i advent – Forventningens adventsøndag.

2.søndag i advent – Forventningens adventsøndag.

3 min lest
0
0
201

Joh. 14,1- 4.
Illustrasjon 2 advent 1290971394_200x154

«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så,hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.»

I desse dagar kan vi registrere auka forventning hjå store deler av folket vårt, – det er snart jul. Og det er mykje å sjå fram til, julegåver, god mat, mange fridagar, storebror og storesyster kjem heim, familiesamlingar, julegudsteneste og mykje meir. Ikkje rart at forventningane stig.

I Joh. 13,33 fortel Jesus at han skal gå bort, og dit han går kan ingen fylgja han. Det er vegen til liding og død, soningsdøden på Golgata.

I teksta vår fortel Jesus at han skal gå bort ein gong til, han skal gå heim til Far sin. Der skal han laga istand ein stad for læresveinane og alle sine barn. Og når dette arbeidet er utført kjem han att for å henta sine , så dei skal vera der han er.

Kor er så dette? Jau, det er i den fullkomne herlegdom saman med Den Trieinige Gud, alle englar og alle frelste menneske.

«Jeg går til himlen, der er mitt hjem, Der er ei synd eller smerte

Der er det nye Jerusalem, Der er mitt bevende hjerte.

Der er hver glede jeg her har mist, Hvert håp som her måtte fare,

Der er min Frelser, Den Herre Krist, og pilegrimenes skare.»

Kjære medkristne – bruk litt av adventtida til å gleda deg over det som ventar der framme. Dette er ein mykje større grunn til gleda og forventning enn alle våre jordiske gleder og julforventningar.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

20. Søndag i teenighetstiden

  Joh 11,1-5 En mann som het Lasarus, var blitt syk. Han var fra Betania, landsbyen d…