Hjem Søndagskommentar 18 s.e. trieining – Jesus kan lækje sjuke

18 s.e. trieining – Jesus kan lækje sjuke

4 min lest
0
0
1,946

Mark. 1,40- 45.

Healing_the_Sick003

Ein mann som var spedalsk, kom til han og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus fekk medkjensle med han, rette ut handa og tok bortpå han, og sa: «Eg vil, vert rein!»Med det same var sjukdomen borte, og mannen var rein. Jesus tala strengt til han og baud han gå sin veg. «Sei ikkje eit ord til nokon om dette,» sa han. «Men gå og vis deg for presten, og ber fram dei offer som Moses har gjeve påbod om for den som let seg reinsa. Det skal vera eit vitnemål for dei. Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt, han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på øydestader. Men folk kom til han frå kantar.

 

Ein som var spedalsk på Jesu tid var i ein håplaus situasjon. Den sjuke vart utstøytt frå alt og alle, og det var lite eller inkje håp om lækjedom. Men Jesus viser si makt ved å gå  inn i håpløysa med hjelp og  lækjedom.

Lækjer Jesus folk i dag, og korleis skjer det?

I det Nye Testamentet er  den kristne kyrkja blitt medarbeidarar når Jesus lækjer. Det er gitt  bruksanvisning på 3 ulike måtar dette kan skje på.

 

Fil. 4, «Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.»  Kven som helst, kan når som helst og kor som helst be om kva som helst. Det gjeld og bøn om lækjedom.

 

I 1. Kor. 12,4- 11  les vi at Gud rustar kyrkjelyden med nådegåver. Ei av gåvene er «Helbredelsens  nådegåve. (Vers  9) Denne nådegåva finn mellom oss, men eg vil gjerne sjå fleire med denne gåva.

 

Jak. 5,14- 15. Salving og bøn for sjuke. Denne tenesta er lagt til dei eldste, dvs. dei  kristen leiarane.

Ta desse 3 formene i bruk! Eg har sett at dette fungerer også i vår tid, men det er alltid Jesus som bestemmer kva han vil gjera i kvart einskild situasjon.

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …