Hjem Søndagskommentar 12. søndag i treeiningstida – No trur vi!

12. søndag i treeiningstida – No trur vi!

7 min lest
0
0
1,458

Joh 4,27-30.39-43

Illustrasjon Samaritanske kvinne 1326717023

27 I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han snakka med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville eller kvifor han snakka med henne. 28 Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket: 29 «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» 30 Då gjekk dei ut av byen og kom til han. …..….. 39 Mange av samaritanane frå den byen tok til å tru på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.» 40 Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar. 41 Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord, 42 og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.» 43 Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea.

 

No trur vi!

Jesu møte med den samaritanske kvinna ved brønnen var grensesprengande frå først til sist. Ein mann tok eit ikkje-seksuelt initiativ overfor ei kvinne, i ein kultur der kvinner var undertrykt og ikkje var tildelt den verdien som Gud gav dei i skapinga. Ein jøde tok eit fellesskapsinitiativ overfor ein samaritan, dette blandingsfolket som blei til då Israel (Nordriket) blei oppløyst på 700-talet f.Kr., som berre aksepterte mosebøkene og avviste Jerusalem og som var hata av jødane. Og Den heilage viste interesse for ei som blei sett på som svært syndig, enda ho like mykje var utsett for synd og overgrep. Ikkje rart at disiplane undra seg då dei kom tilbake etter å ha handla mat, men dei fekk seg ein leksjon i kva evangeliet er og kva evangeliet kan gjere hos alle menneske – enten vi er jødar, samaritanar og heidningar.

Kvinna sitt vitnemål førte til vekking i sentrum av Samaria. Det som gjorde sterkast inntrykk på henne hos Jesus, var at han visste alt om henne, og likevel ønskte å vere i hennar fellesskap. Alt tyder på at ho hadde eit dårleg rykte i nærmiljøet. At ho kom til brønnen midt på dagen, betyr vel berre at ho ikkje ville treffe folk. Etter møtet med Jesus springer ho tilbake til byen – utan reservasjonar. Den personlege skamma og sosiale stigma kan ikkje hindre henne i å dele det ho har opplevd. Ei slik endring i menneske sine liv gjer inntrykk, og i Samaria gjorde det folket nysgjerrige slik at dei oppsøkte Jesus, lytta til han og bad han om å bli ei tid. Det blei ei tid med vekking og fornying, utløyst av ei enkel kvinnes vitnemål og ført vidare ved Jesu eiga forkynning.

Av dette skulle vi lære oss ikkje å stigmatisere nokon menneske men forstå at evangeliet er for alle. Når det har nådd meg, med kva grunn skal nokon då haldast utanfor? Han er jo verkeleg den som skal frelse verda! Vi kan også lære kor viktig det er at vi deler med andre kva Jesus betyr for oss. Eit personleg vitnemål gir vidare noko ekte som ikkje kan argumenterast mot. Til sist lærer vi at ingen kan leve på mitt personlege vitnemål. Alle treng eit møte med Jesus sjølv. Det får vi ved å lytte til Guds ord og høyre evangeliet forkynt. Derfor er det avgjerande at forkynninga i kyrkjer og bedehus ikkje forflatar til kåseri eller virkemiddel men blir forstått som nådemiddel og alltid gir oss evangeliet.

 

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
  • 3. søndag i adventstiden

    3 søndag i adventstiden – 17.12.23 Luk 3,7-18 Bilde av Alex Perez Mye folk dro ut fo…
  • 13. Søndag i treenighetstiden

    13 søndag i treenighetstiden – 4.09.2022 Joh 15,13-17 Bilde av il vano Ingen har stø…
  • 2. søndag i påsketiden

    1 Pet 1, 3-9 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd…
Last flere av Rolf Kjøde
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …