Hjem Søndagskommentar 11.SØNDAG I TREEININGSTIDA

11.SØNDAG I TREEININGSTIDA

8 min lest
0
0
1,096

Joh 8, 31 – 36

Jesus-3

Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»  «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?»  Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda. Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid. Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie».

 

BUNDNE SLAVAR ELLER FRIE BORN

 

Fyrst litt om forfattaren til det fjerde evangelium i NT. Skriftet sjølv gjev ingen klår peikepinn på kven forfattaren kan vera. Likevel finn me nokon særtrekk som kan leia fram til den personen  som mest truleg er opphavet for dette evangelieskriftet.

1. Han var høgst sannsynleg jøde. Det er tydeleg at han kjende dei geografiske tilhøva både i Galilea, Samaria og Judea.(4,5 og 11,18)  Vidare går det fram at han er godt kjend med dei jødiske høgtidene. (7,2 og 11,55)

2. Han har vore augevitne til det han fortel. Ikkje som ein anonym tilskodar, men som ein som ser den guddommelege openberringa i det som hender. (1,14 og 19,35)  Dei detaljerte opplysningane han kjem med i det han fortel, syner at han har vore tett på hendingane. (4,6, 2,6 og 12,3,5)

3. Utifrå dette, og meir til, kan me rekna med at han var ein av dei tolv apostlane. Då er det tre personar som peikar seg ut: Brørne Jakob og Johannes saman med Simon Peter. Jakob leid martyrdøden år 44. (Apg 12,2) Dermed kan ikkje han ha forfatta dette skriftet. Saman med den oldkyrkjelege tradisjonen kan me rekna med at det er apostelen Johannes som er forfattar for dette evangelieskriftet.

 

Lauvhyttehelga, ei av jødane sine store høgtider, er slutt. Festpilegrimene har reist kvar til sitt, og Jesus lærer folket i tempelet. Han tek imot skriftlærde og farisearar som kjem med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot, og vil setja han på prøve.  Men hans svar sender dei skamfulle bort. Og han frikjenner kvinna: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!» (v11)

Så talar han til folket, vitnar om Faderen og fortel at han skal lyftast opp så dei skal skjøna at «eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg.» (v28c)

Resultatet av denne talen var at mange kom til tru på han. (v30)

 

Sanninga som gjer fri

Dette er bakgrunnen for teksta vår. Og det er til dei jødane som var komne til tru, Jesus seier: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.» (v32)

Dette provoserar tilhøyrarane. Dei kan ikkje godta at dei er ufrie slavar. Var dei ikkje born av Abraham? Deira nasjonale stoltheit og religiøse medvite hindrar dei i å erkjenna at dei treng nokon frigjering.

 

Men Jesus går vidare og talar om motsetningane slave og barn. Slaven høyrer ikkje til i huset til herren hans. Det gjer barnet. Slaven er den som gjer synd. Dvs den som vedvarande lever i eit syndig forhold utan å tenkja på at det er synd. Eller på tross av erkjenninga om at det er synd. Denne er bunden av synda og treng frigjering.

 

Det galdt den gongen og det gjeld i dag. Og no som då er det sanninga som gjer fri. Dette gjeld i menneskeleg relasjonar. Eit forhold som er bygt på lygn og svik mellom  menneske, fører til ulykke. Det gjeld endå meir i relasjon til Herren. Den som ikkje lever sant i tilhøve til Gud, går mot ei evig ulykke.

 

Borna er dei som lever i hans ord. Dei som vert verande i hans ord. (v31)  Det vil seia dei som held seg til Ordet, Guds-ordet i Bibelboka. Held fast på det og lever etter det. Ordet er den frigjerande og frelsande Sanninga. Ikkje berre ei av mange sanningar, men den eine Sanninga, i bunden form. Denne Sanninga er Jesus, som han sa sjølv: «Eg er vegen, sanninga og livet.» (14,6)

 

Teksta sluttar med eit herleg evangelietilbod: «Får no Sonen frigjort dykk, blir de verkeleg frie.» (v36)

 

Gud gje oss å ta imot dette tilbodet og leva i Guds frie barnekår!

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …