Pinseaften

3 min lest
0
0
968

TEKSTGJENNOMGÅING, , lB. Mai, Pinseaften.
Joh.7, 37 – 39Illustrasjon Bibelen 1098974950

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.
På siste dagen i lauvhyttefesten stod jesus fram og ropa: “Den som tørstar skal koma til meg og drikka. Den som kjem til meg, frå hans indre skal det, som skrifta seier, renna elvar med levande vatn.”

 

Jesus stod altså fram i folkemengda og ropa høgt – kan vi forestilla oss det?

 

Jesus samlar merksemda mot seg, ikkje mot Siloah-kjelda. Vi skal få koma til jesus, kjelda med rennande, levande vatn! Vi skal få høyra og ta til oss Jesu Ord, Ordet om frelse og nytt liv, evig liv! Alt det vi treng for himmel og jord er gøymt i det eine Ord, Jesus!

 

Vi treng å kjenna på vår djupaste åndelege tørst: Vi tørstar etter Jesus, etter å drikka av hans kjelde: Jesu liv, død og oppstode. Vi treng å ta til oss det vidunderlege at Jesus lever der heime hos Gud, Han er vår talsmann hjå Faderen, drikk av den kjelda, rennande, levande vatn!

 

Vi treng å ta til oss at han har sendt og sender oss sin Ande, at Hans Ande bur i deg og meg. Hans Ord i Bibelen opnar seg og gir liv, levande, rennande vatn. Hans Ord, ropa ut gjennom forkynning i kyrkje og bedehus gir frelse og nytt liv. Når vi kjem til kjelda med levande vatn, Jesus Kristus, då vil det frå vårt indre renna elvar med levande vatn.

 

“Strømmer, strømmer av nåde, salighet glede og fred. Vi ber deg om mere enn dråper, strømmer send over oss ned.”

 

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …